Om


Hardanger åtgaum driv innovative aktivitetar og arrangement med utgangspunkt i Hardanger. Den vakre naturen er inspirasjonskjelde og arena for tiltaka me tilbyd.

 

Omfanget er tredelt:

– arrangement: ei breid vifte av arrangement og aktivitetar marknadsført gjennom harding-brandet.

– arrangørkontor: kompetansedeling for og med arrangørnæringa i regionen

– reiseliv: utvikling av nye reiselivstilbod innan hard adventure-nisjen og utfyllande tilbod på overnattingstilbodet i regionen.

 

Organisatorisk er Hardanger åtgaum eit prosjekt underlagt selskapet Bygdagnist as med sete i Øystese. Oppstarten har vore delfinansiert av Hordaland Fylkeskommune, Hardangerrådet. I tillegg har Sparebanken Vest vore sentral i utviklinga.