Skifest II


Musikk og fest med Datarock med drøye hits!

Stein P. Aasheim kjem til bygda med eit svært inspirerande foredrag!

Velkomen til Skifest II Hardanger - med bratte fjell, skidugleik, opplevingar og kultur i sentrum.

Me inviterer inn skifolk frå ulike miljø frå ulike deler av landet til ei helg med skikøyring i fantastiske omgjevnader på dagen og afterski, mat og musikk om kvelden. Sentrum i Hardanger denne helga er Øystese, nærare bestemt det kombinerte frilufts- og kulturhuset Holmatun.

Program:

Torsdag 4. april:
Kl 1900: Skisogekveld  (Storesalen)
- Lokal hopphistorie frå Myrabakken
- Silje Ensby (Augnetjuv): Norsk treskiproduksjon ved Rønning treskifebrikk (2016)
- Peter Helland-Hansen: Tradisjonell skimaking anno 2019. Bilete og demo.

Fredag 5. april:
Kl 1800: Vorspiel med skiquiz (Peisestova)
Kl 1900: Dørene opnar
Kl 2000: Jubileumsfest for Kvam Turlag (Storesalen)
Kl 2100: Føredrag med Stein P. Aasheim (Storesalen)
Kl 2200: Konsert: Waterwagon (Vetlesalen)
Kl 2200: Skipub (Peisestova)

Laurdag 6. april:
Kl 0900: Ut på tur!
Kl 16-18: Afterski (Peisestova)
Kl 1930: Middag på langbord (Peisestova)
Kl 2200: Konsert: Datarock i Storesalen
Kl 2400: DJ Helge  (Storesalen)

Sundag 7. april:
Kl 1000: Ut på tur!
Kl 1600: Takk for dansen og vel heim!

Prisar:
Laurdagspass med middag: kr 495. Inkluderer festmiddag, konsert og klubb.
Konsertpass laurdag: kr 295. Inkluderer inngang konsert og klubb laurdag. Innslepp kl 21.
Fredagspass: kr 200/150 (medlemsrabatt for medlemer i DNT, før på medlemsnummer under betaling).
Torsdag: Gratis

Turmål:
Øystese er eit svært godt utgangspunkt for vidgjetne toppturar. I næraste grannelaget finn me Skrott (1320 moh), Manfjell (1263 moh) og Torefjell (1050 moh). Alle desse byd på variert skikøyring med flott fjordutsyn. Det finst også renner og skar kor ingen har køyrd før... Kanskje vert Oddmundsgjel, Kabuseskaret eller Smørdalsklypet for fyrste gong køyrd?
Innan 1,5 time køyring finn me Rosendalsalpane med Gygrastolen, Omnatind og Bjørndalstindane som ettertrakta toppturmål. Ein annan klassikar er Oksen som kanskje gjev det mest spektakulære toppturutsynet i heile Hardangerfjorden.
Aktuelle turmål og logistikk omkring dette vert ordna i herleg fellesskap kvar kveld. Arrangør bidreg med logistikk.


Rosendalsalpane ligg kun kort tids køyring frå Øystese. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn


Overnatting:
Me har ein flott bukett med tilbydarar av husrom i bygda med sjel og særpreg. Alle ligg sentralt og har svært gode fasilitetar. Ta kontakt med dei direkte!
Mo gardsferie: http://www.mogardsferie.no 
Vetlemyrane gard: http://www.vetlemyrane.no 
Sjøtunet: http://www.sjotunet.no 
Hardanger Feriesenter: http://www.hardanger-resort.com 

Arena og utgangspunkt for skifesten er det kombinerte kultur- og friluftssenteret Holmatun i Øystese. Foto: Bård Basberg


Bu som ein harding inne på tunet hjå lokale heltar!


Topptur nær fjord og fonn på Skifest Hardanger! Foto: Lars Oddvar Fiksen


Search Anything
Close
rfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-slide