GPS-kurs


Vel møtt til eit praktisk tilnærma GPS-kurs som kombinerer teori og praksis.
Er du ein som har eigen GPS, men saknar litt push på å ta ut potensialet i apparatet?
Ynskjer du effektivisera fjellferdselen din?
Ynskjer du innføring i praktisk bruk av GPS i felt?
Då er dette kurset for deg.
Kurset er tilpassa Garmin sine modellar og er tilpassa friluftsliv i skog og fjell.

Innhald:
- Grunnleggjande innstillingar og bruk av GPS
- Innleggjing, teikning og endring av spor og ruter
- Overføring av spor og ruter frå PC
- Praksis i felt

Utstyr:
- Eigen GPS med innlagt kart over området (TOPO Pro, TOPO Adventure eller TOPO Premium)
- Eigen PC/Mac med programmet Basecamp ferdig nedlasta. Hugs eigen kabel.
- Mat og varme og høvelege klede til felttreninga

Program:
Fredag:
Kl 18 - 21: Teori i Peisestova i Holmatun i Øystese. Inngang på nedsida mot idrettsplassen

Laurdag:
Kl 10 - 16: Trening i felt. Oppmøte på parkeringsplassen på Sjusete

Transport:
Alle organiserer eigen transport til Sjusete

Pris:
Kr 1250 per pers. Maks 12 deltakarar.

Kr 995 for medlemer i Øystese og Norheimsund Røde Kors Hjelpekorps og DNT-medlemer

Kursleiar: Øystein Fykse


Search Anything
Close
rfwbs-sliderfwbs-sliderfwbs-slide